Austevoll kommune

Førehandsrøysting

Du kan røyste frå og med måndag 1. juli 2019

Frå 1. juli kan du røyste innanriks, såkalla tidlegrøysting. Ordninga gjeld til og med fredag 9. august.
I tidsrommet frå 10. august til og med 6. september er det ordinær førehandsrøysting.

Dersom du ikkje har høve til å røyste i den ordinære førehandsrøystingsperioden eller på valdagen, kan du tidlegrøyste på servicekontoret på kommunehuset i Storebøportalen til desse tidene:

Alle vekedagar frå kl.08.00-15:00

Hugs å ta med legitimasjon ved røysting. Ta med valkort om du har motteke dette.

Ordinær førehandsrøysting frå måndag 12. august


Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet er måndag 9. september.

Du kan førehandsrøyste på servicekontoret på kommunehuset i Storebøportalen i perioden
måndag 12 august til fredag 6. september. I tillegg blir det annonsert førehandsrøysting i andre lokale i perioden.

Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ønsker. Røystinga blir sendt til heimkommunen din for oppteljing. Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er innført i manntalet, hugs å førehandsrøysta så tidleg at røysta di når fram til heimkommunen din gjennom posten innan kl 17 tysdag 10. september.

Det lettar registrerering om du har med legitimasjon og valkort når du røyster.  Eksempel på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete.

Tid og stad for førehandsrøysting:

Kommunehuset, servicekontoret

I tidsrommet 12. august - 6. september: Måndag - fredag kl. 0800 -1500

  Torsdag 29. august kl. 1500 -1700 
  Fredag 30. august kl. 1500 -1900 
  Torsdag 5. september kl. 1500 -1900 
   
Austevoll bibliotek, Bekkjarvik torg Lørdag 31. august kl. 1100 -1300 
  Torsdag 5. september kl. 1600 -1900 
   
Austevoll vidaregåande skule Måndag 26. august kl. 1100-1300
Austevoll ASV Tysdag 27. august kl. 1200-1330
Austevoll pleie- og omsorgsenter Måndag 2.september kl. 1000-1200
Birgittunet Tysdag 3. september kl. 1000 - 1200

 

Informasjon frå Valgdirektoratet om førehandsrøysting

Slik kan du førehandsrøyste

Spørsmål som gjeld førehandsrøysting: Austevoll kommune telefon 55 08 10 00.

Fann du det du leita etter?