Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Førehandsrøysting

Du kan røyste frå og med torsdag 1. juli 2021

Klikk for stort bilete KUNNGJERING: STORTINGS – OG SAMETINGSVALET 2021 – FØREHANDSRØYSTING

Dersom du ikkje har høve til å røyste i den ordinære førehandsrøystingsperioden eller på valdagen, kan du tidlegrøyste på servicekontoret på kommunehuset i Storebøportalen til desse tidene:

Alle vekedagar frå kl.08.00-15:00

Hugs å ta med legitimasjon ved røysting. Ta med valkort om du har motteke dette.

Valkort
Nytt ved stortingsvalet 2021 er at du får tilsendt elektronisk valkort. Personar som ikkje er aktive brukarar av digital informasjon eller som har reservert seg mot dette, vil fortsatt få valgkortet tilsendt på papir.

Legitimasjon
Det lettar registrerering om du har med legitimasjon. Eksempel på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Elektronisk førarkort blir ikkje godteke.


Ordinær førehandsrøysting frå tirsdag 10. august

Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet er måndag 13. september.

Du kan førehandsrøyste på servicekontoret på kommunehuset i Storebøportalen i perioden
tirsdag 10. august til fredag 10. september. I tillegg blir det annonsert førehandsrøysting i andre lokale i perioden.

Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ønsker. Røystinga blir sendt til heimkommunen din for oppteljing. Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er innført i manntalet, hugs å førehandsrøysta så tidleg at røysta di når fram til heimkommunen din i tide for oppteljing.

Tid og stad for ordinær førehandsrøysting:

Kommunehuset, servicekontoret

I tidsrommet 10. august - 10. september: Måndag - fredag kl. 08:00 -15:00

  Torsdag 2.september kl. 15:00 -17:00 
  Fredag 3. september kl. 15:00 -19:00 
  Torsdag 9. september kl. 15:00 -19:00 
   
Austevoll bibliotek, Bekkjarvik torg Laurdag 4. september kl. 11:00 -14:00 
  Tysdag 7. september kl. 12:00 -19:00 
   
Austevoll vidaregåande skule Tidspunkt blir publisert seinare
Austevoll ASV Tidspunkt blir publisert seinare
Austevoll pleie- og omsorgsenter Tidspunkt blir publisert seinare
Birgittunet Tidspunkt blir publisert seinare

 

Informasjon til deg som skal stemme

Informasjon på andre språk (Information in different languages

Spørsmål som gjeld førehandsrøysting: Austevoll kommune telefon 55 08 10 00.