Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Kunngjering -Står du i manntalet?

Kunngjering – utlegging av manntal ved stortingsvalet 2021

Står du i manntalet?

For å kunne røyste må du vera innført i manntalet. Dersom du har meldt flytting etter 30. juni 2021 står du framleis i manntalet i kommunen før du flytta. Du kan velje om du vil røysta på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta i Austevoll kommune.

Viss ikkje namnet ditt står i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret. Klagen må vera skriftleg og grunngjeven. Valstyret vil rette feil i manntalet så lenge det er praktisk mogleg fram til valdagen.

Ved spørsmål, ring servicekontoret på: telefon 55 08 10 00.

Manntalslista er lagt ut på:
Austevoll kommune, servicekontoret, 2. etasje i Storebøportalen.

Valstyret si adresse er: Valstyret i Austevoll kommune, Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø.