Vil du bli skjønnsmedlem?

No kan du melde di interesse innan 15.04.2024

Innan 15. oktober 2024 skal Vestland fylkeskommune velje skjønnsmedlemmar for perioden åra 2025-2028. Valet av skjønnsmedlemmar blir gjort etter tilråding frå alle kommunestyra i Vestland fylkeskommune.
 
Dette er viktige verv og det er ei tillitserklæring å bli vald til eit slikt verv.

Det vil bli føretatt vandelskontroll av dei som melder si interesse.

Trykk på denne lenkja for å melde di interesse og fylle ut skjema

Det er eit rettsprinsipp at ein skal bli dømt av sine likemenn. Det tilseier at skjønnsmedlemmane bør representere mangfaldet i befolkninga.

Skjønnsmedlemmar kan karakteriserast som ein type sakkunnige skjønnsmedlemmar. Dei deltar både i tingretten, jordskifteretten og lagmannsretten i rettsleg skjønn og overskjønn (skjønn i lagmannsretten). Slike skjønn er ein form for rettargang der føremålet som regel er å fastslå verdien av eller rettar knytt til fast eigedom. Skjønn brukast mest i samband med ekspropriasjon og når områder blir verna etter lov om biologisk mangfald. Skjønn kan også brukast i samband med erstatning etter naturskade.

Det skal alltid vere med fleire skjønnsmedlemmar enn fagdommarar når det skal treffast ei skjønsavgjersle.

Det er ønskeleg med skjønnsmedlemmar som har kompetanse innan desse felta

  • Landbruk
  • Skogbruk
  • Arealplanleggar
  • Eigedomsutviklar
  • Entreprenør
  • Arkitekt
  • Meklar
  • Takstmann
  • Revisor/økonom
  • Fast eigedom
  • Reindrift
  • Anna