Stenging av Krokeide ferjekai i veke 14

Vestland fylkeskommune melder om at Krokeide ferjekai blir stengt natt til sundag 6. april grunna naudsynt vedlikehald.

Arbeidet vil gå ut på å delvis demontere køyrebrua og skifte ut den ytterste hovudbjelken.  Det er vurdert at natt til sundag i veke 14 er det mest aktuelle tidspunktet for stenging for minst mogleg påverknad for næringsliv og pendlarar.
Kaien blir stengt frå etter 20:10-avgangen frå Krokeide, før sambandet kan starte opp som normalt igjen frå Hufthamar kl. 08:55 sundag morgon.


Avgongar til/frå Krokeide som blir kansellert som følgje av arbeidet:

Laurdag 6. april:
Hufthamar-Krokeide 20:55
Krokeide-Hufthamar 21:40
Hufthamar-Krokeide 22:35

Sundag 7. april:
Krokeide-Hufthamar 00:20
Hufthamar-Krokeide 07:25
Krokeide-Hufthamar 08:10


Det vil også vere arbeid etterfølgande natt, men dette arbeidet vil ikkje utløyse behov for å kansellere avgongar.