Aktive Gamere konferansen 2023

Tilsette frå fleire einingar i kommunen var saman med frivillige innan idrettslag og ungdomsklubb, samt ASV samla på konferansen i dag 6. oktober.  

Ein dag full av informasjon og inspirasjon frå gamingmiljøet via Aktive Gamere. Aktive Gamere er eit kompetansesenter for gaming, med fokusområda:
1. Sammen kan vi mer
2. Gaming i balanse 
3. Inn med kunnskap, ut med fordommer

Les meir om dei her: https://www.aktivegamere.no

Etter ny kunnskap, innsikt og nye kontaktar i miljøet, har me sjølv gjort det viktagste; danna eit fellesskap innan gaming. Eit fellesskap som vil skapa noko, eit fellesskap som er engasjert, eit fellesskap som vil ha eit mangfold av fritidsaktivitetar og møteplassar, eit fellesskap som har plass til fleire, mange fleire.