Endring i telefontid - Austevoll legesenter

Det er endringar i telefontid ved Austevoll legesenter. I tillegg er det endringar i servicetilbod til pasientar som ikkje har fastlege hos oss.

Grunna bemanningssituasjonen kan vi ikkje lenger tilby fastlegetenester som blodprøver og anna behandling til deg som ikkje har fastlege i Austevoll. Ver venleg og kontakt din eigen fastlege. Gjeld det akutt hjelp, kontakt legevakta.

Telefonen er stengd mellom kl. 11.00 og 13.00 kvar dag. Du må ringe innan kl. 09.00 om du treng time på dagen. Det er óg mogleg å ta kontakt med oss elektronisk via Helsenorge, kor du kan bestille time direkte. 
Gjeld førespurnaden behandling i spesialisthelsetenesta, bør du kontakte dei direkte. Dei kan óg bestille pasientreise.

Har du time hos lege treng du ikkje å melde deg i resepsjonen når du kjem på legekontoret.

Vi håpar at dette kan redusere ventetida i resepsjonen vår.

 

Telefontidene er følgande:

Måndag: 08.30-11.00 og 13.00-15.00
Tysdag: 08.30-11.00 og 13.00-13.30
Onsdag: 08.30-11.00 og 13.00-15.00
Torsdag: 08.30-11.00og 13.00-15.00
Fredag: 08.30-11.00 og 13.00-15.00