Gro Kalvenes sluttar som kommunalsjef

Rådmann Bjarte Madsen har motteke oppseiing frå kommunalsjef Gro Kalvenes.

-  Austevoll kommune mister ein framståande og respektert kommunalsjef som vil bli sakna, både internt i kommunen og i regionen der me deltek i samarbeidsorgan. Ho har styrt helse og velferd gjennom store endringar etter rekommunaliseringa. Dette er gjort på ein måte som har sett Austevoll på kartet som ein framståande og innovativ aktør. Leiinga i kommunen og dei tilsette blei orientert tidlegare i dag. 

Gro Kalvenes skal stå i stillinga fram til månadsskiftet februar/mars, og ho er takknemleg for den tillit ho har hatt i stillinga.

 -  Det har vore ei stor utfordring og eit privilegium å arbeide saman med alle mine kollegaer og tilsette i kommunen. Eg takkar alle for eit godt samarbeid og gode relasjonar som eg vil ta med meg vidare. 

Rådmannen opplyser at kommunen vil sette i gong arbeid med å finne ein erstattar som skal følgje opp prioriteringar, og vidareføre det gode arbeidet til kommunalsjef Gro Kalvenes.