Påmeldinga er i gong til UKM i Austevoll 2024!

17. mars 2024 arrangerer Austevoll ungdomsråd i lag med kulturskulen UKM i Austevoll for ungdommar mellom 13 og 20 år!

UKM er for alle ungdommar mellom 13 og 20 år som vil syne fram det dei driv med innan musikk, dans, teater, visuell kunst eller anna som kan visast fram på ei scene, ein skjerm eller ei utstilling.

Ungdomsrådet og kulturskulen oppmodar alle som kan tenke seg å syne fram kva dei driv med til å melde seg på! 

Det er ikkje farleg, og det er ikkje slik at ein må vere kjempegod for å delta. 

Meld deg på, eller fortell dette til nokon du kjenner som bør melde seg på!

Påmelding innan 17. februar på www.ukm.no