Store snømengder og auka vind i dag og fram til laurdag

Det er meldt  store snømengder og vind fram til laurdag. Denne kombinasjonen kan føre til problem med å kome seg fram på vegane våre.  Kommunen har derfor hatt beredskapsmøte for å gjennomgå rutinar for korleis vi skal handtere dette.  

Fylkesvegane blir brøyta som normalt. Det er sett inn ekstra brøytemannskap for brøyting av kommunale vegar.   

Brann- og redningstenesta og helsetenesta oppmodar alle til å ikkje parkere bilane i eller langs vegen slik at dei kjem seg fram for å gjere jobben sin.

Vi ber alle innbyggarane om å køyre med varsemd og ta omsyn til kvarandre. Tenk over om du treng å bruke bilen og om du kan hjelpe naboen med noko i dag og dagane som kjem.  

Politi, Austevoll kraftlag og Austevoll vatn og avløp melder at dei vurderer situasjonen time for time.