To Austevollingar nominert til Drømmestipendet!

To Austevollingar, Caja Magnussen (24), songar og låtskrivar, og Elisabeth Drønen-Midtgård (19), songar, er nominert til Drømmestipendet 2024! 

Caja

Caja er songartist, låtskrivar og produsent, for tida busett i Bergen. Ho har gitt ut fleire eigne låter og planlegg å gje ut EP i februar.

Her kan du få høyre Caja sin låt “Little quarantine song in the sun”:

youtu.be/a5wYhgULbh8?si=sG4pQiHz2KZNV7d_

 

 

Elisabeth

Elisabeth er songar, går på Toneheim folkehøgskule og satsar på å bruke dette året som eit springbrett til vidare studier innan klassisk song.

Her kan du få høyre Elisabeth si flotte stemme:

youtu.be/LMCWfZPJk0U

 

 

 

 

 

Drømmestipendet er ei ordning der 50 unge kunst- og kulturutøvarar mellom 18 og 25 år får eit stipend på 30 000 kr.
Dette er eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd.                                            

I år er det 544 søkjarar som er nominert frå sine kommunar, og Caja og Elisabeth er blant desse.

Ein nasjonal jury skal velje ut dei 50 blant desse, og 1. februar skal resultatet vere klart.

Vi ynskjer Caja og Elisabeth masse lukke til!