Er du gravid?Lytt til tekstenStopp avspilling Fyrste kontroll bør vera tidleg i svangerskapet (veke 8-10). Vidare kontrollar er i veke 14, 18 ( ultralyd), 24, 28, 32, 36, 38, 40, 41. Dette skjer på svangerskapskontrollane. Jordmortenesta er eit gratis tilbod. På grunn av nye personvernregler kan vi ikkje diskutere personlege eller medisinske tema på e-post eller per sms. Vi oppfordrar deg heller til å ringe oss. Svangerskapskontroll Du vel sjølv om du vil gå til svangerskapskontroll hos lege eller jordmor, eller vekselsvis begge. Du kan bestille time direkte hos jordmor på mobil nummer 902 58 169. Det er fastlegen din som skal rekvirere blodprøvar i svangerskapet. Har du fastlege i Austevoll, har jordmor kontakt med fastlegen. Har du fastlege andre stader enn Austevoll, er det fastlegen din som skal rekvirere og følge opp blodprøvar i svangerskapet. Kontakt fastlegen din med informasjon om at du er gravid og be om rekvisisjon til rutineprøvar. Du kan ta prøvane ved Austevoll legesenter, men det er fastlegen din som får svar og skal følge opp. Det er også fastlegen din som du skal kontakte ved behov for legetime for helseplager og eventuelt sjukmelding. Dersom du har underliggande sjukdommer, kan det vere lurt å ta første kontroll hos fastlegen for å planlegge vidare oppfølging i svangerskapet. Jordmor sine oppgåver Tiltak som fremjer god helse og naturlig utvikling av svangerskapet. Sikre at du føler deg trygg i forhold til føreståande fødsel. Sikre at du / foreldre får ein god start saman med det nye barnet. Sikre at du er førebudd på barseltid og amming. Sikre at du har kjennskap til dine rettar som gravid, fødande og barselkvinne. Oppfølging hos jordmor Når du er hos jordmor blir det satt av god tid til samtale, informasjon og undervisning. Jordmor sjekkar blodtrykket, lytter på barnets fosterlyd, måler magen sin omkrets, kontrollerer urin og tar ulike blodprøvar. Første ultralydundersøking er når du er i veke 18. Ved behov sender jordmor tilsvising til spesialisthelsetenesta for vidare undersøking. Jordmor kontaktar fastlege når: du treng sjukemelding du treng tilvising til fysioterapi når det er mistanke om urinveisinfeksjon om du brukar medisinar eller har sjukdomar/lidingar som bør følgast opp. Ta gjerne og kontakt dersom du kvir deg for å verta gravid pga ein tidlegare fødsel. Treng å rådføre deg, eller samtale om abort. Har ulike spørsmål. Det vert arrangert fødselsførebuande kurs nokre gonger i halvåret. https://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken https://helse-fonna.no/avdelinger/fode-og-barsel-stord Ultralyd Første ultralyd er rundt veke 12, det er viktig at du tidleg i graviditeten kontakter jordmor eller fastlege slik at tilvisning til sjukehuset blir sendt. Sjå også denne filmen: Fosterdiagnostikk - helsenorge.no Tilbud om tidlig UL til alle gravide og NIPT til gravide over 35 år. Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssykehus har siden oktober 2021 gitt tilbod kvinner over 35 år tidleg UL og NIPT. Fra 1. september 2022 utvider kvinneklinikken dette tilbodet slik at alle gravide vil ha tilbod om tidleg UL (svangerskapsveke 12-14). Dette er i tråd med Stortinget sitt vedtak av mai 2020. Datering med terminbestemmelse vil føregå ved den tidlege ultralydsundersøkinga. Det er viktig at den gravide på førehand har satt seg inn i kva denne typen diagnostikk inneber, og ho må avgi skriftleg samtykke på sjukehuset før undersøkinga finn stad. Publisert 16.05.2018 14.41 Sist endra 16.01.2023 12.45