Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Retten til å jakte tilhøyrar i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for hjort vert tildelt godkjende vald (det geografiske området for jakta) utan årleg søknad. For småvilt - unntatt bever - krevst ikkje fellingsløyve.
Vald som disponerer eit vist tal fellingsløyve kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for jakt på hjort. Kommunen skal godkjenne planen og gir i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden.
Austevoll kommune har avtale med Eidvin Haveland om ettersøk etter påkøyrd hjort. Ettersøk i forbindelse med jakt vert kosta av det enkelte valdet, kommunen formidlar kontakt mellom valda og ettersøkslaget.
Publisert 23.09.2021 09.43
Sist endra 23.09.2021 09.43
Det må ligge føre ei godkjenning av vald for hjort. Kommunen fastset forskrift om minsteareal som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr. Minstearealet i Austevoll kommune er 500 daa for innmark og 1000 daa for utmark.
Jakttida er frå 1. september til og med 23. desember. Fylkesmannen kan, etter søknad frå kommunen, vedta å utvida jakta fram til 31. januar.
Kommunen fastset fellingsavgift for hjort.
Det skal ikkje søkjast om fellingsløyve. Kommunen skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til vald ansvarleg representant innan 15. juni.
Godkjenning/ endring av vald 15. mai
Melding om endringar i vald (grenser, eigedomsforhold, teljande areal etc.) 1. april
Godkjenning av bestandsplan 15. mai
Søknad om ekstra fellingsløyve 1. mai
Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det aktuelle arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du mottok løyvet.
Klaga sender du til den instansen som har fatta vedtaket. I klaga skal du opplyse om kva du ønskjer endra i vedtaket, og grunngi dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing.
Klageinstans er Statsforvaltaren for vedtak gjort av kommunen. Før klaga blir send, skal den instansen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får medhald fullt ut, vil saka gå vidare til klageinstansen.