Storebø FUS barnehage

Storebø FUS barnehage ynsker at barnet skal bli den beste utgåva av seg sjølv. Barna vert møtt av trygge vaksne som er engasjert og lytter til barnet ditt. Saman gjev me barna leik og glede, kvardagsmagi og vennegaranti.

 

Storebø FUS barnehage opna i nye lokale 15. november 2011. Barnehagen ligg sentralt på Storebø, nær ungdomsskule, barneskule og Austevoll idrettsanlegg. Barnehagen har 75 plassar som i dag er fordelt på 3 basar. Me har eit glødande, skapande og tilstedeverande personale, av desse 7 pedagogar og 10 assistentar.

Barnehagen er ein "smart mat" barnehage kor prinsippet er å fremja matglede hos barna. Næringsrik og riktig mat som inneheld nok av dei gode «byggeklossane», er ein føresetnad for å sikra optimal utvikling av hjernen og resten av kroppen.

Barna er med og lagar varmlunsj ein dag i veka. Kvar base har ansvar for å lage mat til heile barnehagen i ein månad om gongen. Barnehagen legg vekt på at barna er delaktig i matlagingsprosessen.Dei får kunnskap om dei ulike matvarene, brukar sansene og dei får eit positivt forhold til ulike matvarer.

Barna får frukost, lunsj og frukt.

Storebø FUS barnehage legg særleg vekt på overgangar. Me ynsker best mogleg barnehagestart barnet, også når barnet skal over til ny base og overgangen til skulen.  

Her er Storebø FUS sin årsplan

Barnehageplassen kostar
Plasstorleik Kostnad per månad frå 01.01.2023 Kostnad per månad frå 01.08.2024
100 % 3 000 kr 1 500 kr

Kontaktinfo

Storebø FUS barnehage
E-post
Telefon 55 08 32 32
Agnete Søreide
Dagleg leiar
E-post
Mobil 90 61 54 67

Opningstider

06.45-16.30

Sommaropen

Adresse

Besøksadresse:

Lindevika 8,
5392 Storebø


Postadresse:

Lindevika 8,
5392 Storebø