Austevoll kommune

Kommuneplanens arealdel (KPA)

Kommuneplanens arealdel (KPA):  Les saksdokumenta her.

Hei! Mitt namn er Kari.
Kva kan eg hjelpe deg med?

Tiltak i sjø

Tiltak i sjø

For deg som skal bygge, føre opp eller gjennomføra andre tiltak som kan påverka sikkerheit og ferdsle til sjøs (og beredskaps- og forsvarsinstallasjonar).

Generelt om tiltak i sjø
Innanfor plan- og bygningsloven sitt verkeområde er det krav om løyve til arbeid og anlegg som nemnt i plan- og bygningslovens § 20-1. Dette gjeld og tiltak nærme land. Etter havne- og farvannslov § 14, første ledd, er det krav om søknad av løyve for alle tiltak i sjø som kan verke inn på sikkerheit, ferdselen eller forsvars- og beredskapsinteresser i farvatnet eller framkomst i kommunen sine sjøområde.

Send inn elektronisk søknad (til kommunen) - Tiltak i sjø 

Kvifor nokre tiltak er søknadspliktige
Alle typar tiltak som kan påverka sikkerheit eller framkomst i farvatnet, krev løyve frå rette mynde. Dette gjeld og tiltak på land om desse påverka sikkerheit eller framkomst i farvatnet.  Tiltak som kan ha innverknad på Forsvarets eller Kystverkets anlegg eller verksemd, krev løyve frå Kystverket  lenke til rettleiing søknad Kystverket.no).

Døme på tiltak som normalt er vurdert som søknadspliktige

  • Bygging av kaier, brygger og moloar
  • Etablering av akvakulturanlegg
  • Bygging av bruer
  • Fortøyingsanlegg
  • Opplag av fartøy 
  • Legging av leidningar og røyr i sjøen
  • Etablering av luftspenn
  • Mudring og dumping
  • Andre tiltak som kan hindre eller gjera vanskeleg annan bruk eller viktig ferdsel. Dette kan og gjelde tiltak som ikkje er fysiske anlegg, for eksempel eit båtrace.
  • For flytebrygger vil utforming og storleik ha innverknad og må bli vurdert konkret i kvar enkelt sak. Difor viktig at du opplyser om oppbygging av mindre flytebrygganlegg er i lettkonstruksjonar med flyteelement eller om det er betongbryggja kombinert med bølgjedempar-funksjon.

Dei fleste tiltak som er søknadspliktige etter havne- og farvannsloven er og søknadspliktige etter plan- og bygningslova og må handsamast i ei eiga byggesak. Det er tiltakshavar sjølv som er ansvarleg for å sette seg inn i kvifor nokre lovar og reglar som vil vere gjeldande for tiltaket.

Viktige lover/forskrifter relatert til søknad om tiltak etter havne- og  farvannsloven, naturmangfoldsloven, vannforskrift og føresegn/arealkart til gjeldande kommuneplan/reguleringsplan.

Korleis søker du?
Kommunens ansvarsområde etter havne- og farvannsloven er heile sjøområdet ut til 1 nautisk mil utan for grunnlinja/sjøkanten. Om tiltaket er i forvaltningssona til hovud- og bi-led så er det Kystverket som er rette mynde og som skal ha søknad og handsama denne. I område kor kommunen er mynde skal søknadsskjema sendast til Austevoll kommune. 

Kva skal søknaden innehalde?

  • Ferdig utfylt søknadsskjema (digital søknad)
  • Situasjonskart som viser planlagt tiltak. Tiltaket skal vere teikna inn nøyaktig i ein målsett situasjonsplan. Eventuelle innfestingspunkt i botn må gå fram av plan.
  • Eventuelle vedlegg som løyve frå andre mynde, stetta dispensasjonsvedtak, kart og/eller utgreiingar/vurderingar.

Omsyn til vedtatt plan
Løyve til tiltak kan ikkje gis om det er i strid med vedtatt arealplan (kommune- eller reguleringsplan). Du må då søka om dispensasjon frå gjeldande arealplan

Konsekvensutgreiing
Nokre tiltak er av ein slik art eller storleik at det er naudsynt med ein konsekvensutgreiing. (sjå plan- og bygningslova § 14)

Løyve frå andre mynde
Nokre tiltak kan krevja løyve frå andre mynde enn kommunen, til dømes Statsforvaltaren om utsleppsløyve ved større arbeid for mudring eller nytt/endra akvakulturanlegg. Tiltakshavar har sjølv ansvar for å finne ut om det er naudsynt å innhente andre løyver. Kommunen vil sjekka søknad ved mottakskontroll og melda tilbake om det mangla naudsynte løyver frå andre mynde (eventuelt om tiltak er søknadspliktig etter pbl. §§ 20-1 og 20-2).

Ein kan og senda e-post til planogbygg@austevoll.kommune.no og be om ein førehandsvurdering på gjeldande plan og om tiltaket er av ein art som fordra løyve frå andre mynde. Hugs å legga ved kart som er godt merka for plassering av ønska tiltak og utgreiing om type og omfang av tiltaket.

Behandlingsgebyr
For behandling av søknad etter havne- og farvannslovens bestemmelser er plan- og bygningsavdelinga pålagt å krevja inn gebyr i samsvar med Austevoll kommunes gebyrregulativ for plan- og byggesaker.

For meir informasjon om gebyr for behandling av søknad etter havne- og farvannsloven, sjå Austevoll kommune sitt gebyrregulativ for plan- og byggesaker.

Kontaktinfo

Plan- og byggesaksavdelinga
E-post
Telefon 55 08 11 00


Våre opningstider er: 
Måndag-onsdag og fredag:
kl. 10:00 til 14:00

Utanfor opningstid kan du sende oss førespurnad per e-post, så skal vi svare deg så snart vi kan.

Adresse

Austevoll kommune
Birkelandsvegen 2
5392 Storebø