Vedteken i kommunestyret 01.11.18 saksnr 126/18.
Målet med å laga ein kvalitetsplan for SFO er først og fremst for å gi skulane og dei tilsette ved SFO ei forpliktande ramme for arbeidet med å utvikla kvaliteten i skulefritidsordninga. Planen skal også gi forventningar for brukarane av SFO-tilbodet.
Ein plan som er forpliktande, tyder at barn og foreldre kan forventa at SFO-tilbodet arbeider i retning av dei mål og kjenneteikn på måloppnåing som er fastsett i planen, og set i verk gode tiltak og aktivitetar.
Erfaringar med kvalitetsutviklingsarbeid viser at samanheng og samhandling mellom skule og SFO vert oppfatta som ein viktig faktor for kvalitet i SFO. Det er derfor eit mål at SFO og skule inngår i ein samanheng og samhandlar.
Utdanningsdirektoratet sin rettleiande rammeplan for SFO er grunnlaget for å utarbeida plan for SFO i Austevoll. Kvalitetsplanen har fire målområde. Med utgangspunkt i desse målområda, skal kvar SFO utarbeida lokale planar, i ein årsplan.