4 Samarbeid med heimen
Føresette skal oppleva at samarbeidet med SFO er godt. Dei tilsette skal gjera føresette trygge på at barna har det godt på SFO. Samarbeidet med heimen skjer gjennnom dagleg kontakt ved bringing og henting, diverse informasjon på skulen sine nettsider, ved skriftlege meldingar, telefonar og årlege foreldremøte. Skal samarbeidet fungera godt, er det nødvendig at SFO-personalet tek ei forventningsavklaring med dei føresette.
Teikn på god praksis:
- Dei tilsette avklarar forventningar i god dialog og samarbeid med føresette
- Dei tilsette må kunna gi faglege grunngivingar for praksis i SFO
- Dei tilsette er engasjerte, har oversikt og viser omsorg for det einskilde barnet
- Dei tilsette møter føresette på ein høfleg måte og med respekt
- Føresette gir melding om tilhøve som kan avgjera trivsel
- Føresette respekterer opningstida i SFO og møter i SFO-lokala når barnet skal hentast
- Føresette følgjer med på informasjon frå SFO
- Føresette gir melding om fri-og feriedagar innan annonserte oppsette fristar