Vedtekter for Austevoll ungdomsråd

§ 1 Mandat, føremål og oppgåver

1.1 Austevoll ungdomsråd

Austevoll ungdomsråd eit demokratisk vald organ med oppgåve å ivareta interessene til ungdommane i kommunen. Ungdomsrådet er opprette i tråd med kommuneloven § 5-2. 

1.2 Føremål

Ungdomsrådet er eit rådgjevande medverknadsorgan som skal sikra barn og unge rett til å påverka politiske prosessar og delta i samfunnsdebatten. Barn og unge skal oppleve seg som medborgarar med ansvar og med rett til å påverka saker i kommunen som dei opplever som  viktige. Aktiv deltaking i samfunnsspørsmål bidreg til positiv identitet og gir erfaring som fortel oss at det nyttar å delta i utviklinga av lokaldemokratiet. Vaksne vil på denne måten oppleva ungdommen som viktige og kompetente. Ungdomsrådet si forskrift er forankra i FN sin barnekonvensjon artikkel 3 og 12 som seier at offentleg mynde alltid skal sjå til kva som er best for barna, og at barna har rett til å bli høyrt.

1.3 Austevoll ungdomsråd sine oppgåver

  • Vere eit rådgjevande organ for kommunen i saker som vedkjem unge.
  • Vere orientert om saker som blir handsama i kommunestyret. 
  • Drøfte barn og unge sine interesser i kommunen.
  • Skape identitet til eigen kommune.
  • Styrka samfunnsmessig engasjement blant barn og unge.
  • Skapa møteplassar der ungdom i kommunen får uttale seg om saker.
  • Etablera ordningar kring arrangement og aktivitetar som vedkjem barn og unge.
  • Ungdomsrådet skal kvart år utarbeide ei årsmelding som skal vedtakast av kommunestyret, jf.  forskrift om medvirkningsordninger § 2 femte ledd.
  • Ungdomsråd skal ikkje behandla saker der deler av saksmaterialet er verna av teieplikt eller gjeld enkeltpersonar, jf. forskrift om medvirkningsordninger § 2 fjerde ledd.
  • Ungdomsrådet kan velje personar til arbeidsgrupper for arrangement og andre aktivitetar for ungdom. Her må minst ein representant frå ungdomsrådet vere med.

1.4 Austevoll ungdomsråd sin møte- og talerett i folkevalde organ 

Når saker som ungdomsrådet har uttalt seg om kjem til avgjerd i kommunestyret eller til organ med delegert avgjerdsrett, kan ein representant for ungdomsrådet få ordet for å presisere standpunkt eller klare opp i mistydingar.