Austevoll kommune

Helse og omsorg

Årsmelding 2019 - Austevoll kommune

  1. 1 Politiske organ
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan-og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 1.7 Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Oversyn over sjukefråvær
  3. 3 Utvikling og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Næring
    4. 3.4 Kultur og frivilligheit
    5. 3.5 Folkehelse og idrett
    6. 3.6 Austevollbadet
    7. 3.7 Forvaltning, drift og vedlikehald- FDV
    8. 3.8 Plan og byggesak
    9. 3.9 Servicekontoret
  4. 4 Oppvekst
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste – PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelseteneste
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Austevoll folkebibliotek
    8. 4.8 Grunnskulane
      1. 4.8.1 Selbjørn skule
      2. 4.8.2 Storebø skule
      3. 4.8.3 Austevoll ungdomsskule
  5. 5 Helse og omsorg
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse, rus- og kreftomsorg
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Eidsbøen bufellesskap
    8. 5.8 PO-senteret
  6. 6 Økonomi og internkontroll
    1. 6.1 Nøkkeltal for Austevoll kommune
    2. 6.2 Driftsrekneskapen
    3. 6.3 Investeringsrekneskapen
    4. 6.4 Balanse
    5. 6.5 Rekneskapsskjema 1 A og 2 A Drift
    6. 6.6 Notar
      1. 6.6.1 Note 1 Endring i arbeidskapital
      2. 6.6.2 Note 3 Kommunens garantiansvar
      3. 6.6.3 Note 4 Aksjer og andeler i varig eige
      4. 6.6.4 Note 5 Bruk og avsetning av fond
      5. 6.6.5 Note 6 Kapitalkonto
      6. 6.6.6 Note 7 Anleggsmidlar
      7. 6.6.7 Note 8 Investeringsoversikt
      8. 6.6.8 Note 10 Tidlegare endringar i rekneskapsprinsipp lagt på arbeidskapital drift
      9. 6.6.9 Note 11 Rekneskapsmessig meirforbruk / mindreforbruk
      10. 6.6.10 Note 12 Antal årsverk og ytingar til leiande personar og revisor
      11. 6.6.11 Note 13 Godtgjersle til revisor
      12. 6.6.12 Note 14 Bundne midlar

5 Helse og omsorg

5.1 Legetenesta

Eininga har 5 faste årsverk som lege, og 3 årsverk som sjukepleiar. I tillegg har eininga 1 fast årsverk som LIS-1 lege og frå 1. september ei ekstra LIS-1 lege. Det er 1,2 årsverk helsesekretær og 1,5 årsverk i sjukepleiarprosjektstilling i PHT; til saman 17 personar fordelt på 6 menn og 11 kvinner.

Legetenesta driftar fastlege- og allmennlegeverksemd, utdanning og opplæring,  samfunnsmedisinsk verksemd, legevakt og administrativ funksjon. Sjukepleiar/helsesekretær yter tenester til jordmor, helsestasjon og pleie og omsorg i tillegg til fastlegekontoret. 

Nokre viktige tiltak i 2019:

  • Pandemiplanen blei revidert
  • Legevaktslegane deltok i beredskapsøvingar (PLIVO) med Helseforetaket og ambulansetenesta. 
  • Legesenteret har hatt utfordringar med omsyn til infeksjonssjukdomar med fleire epidemiar i 2019.

5.2 NAV

Eininga har 4 årsverk. NAV-leiar er leiar for kommunal og statleg del. Nav kommune har tre hovudområde: Sosialteneste, flyktningteneste og startlån/tilskot. Innan sosialteneste ligg opplysning, råd og rettleiing (inkl. økonomisk rådgjeving/gjeldsrådgjeving) og økonomisk stønad. Vidare ligg tenestene kvalifiseringsprogram og mellombels bustad. 

Flyktningtenesta:
Det bur i alt 59 flyktningar i Austevoll pr. 31.12.2019 (29 vaksne og 30 barn). Av desse er 33 busette etter avtale med IMDI.

Austevoll kommune busette 11 flyktningar i 2019. 2 flyktningar sluttførte sine introduksjonsprogram, 1 er komen i ordinært arbeid, og 1 er flytta til annan kommune for utdanning. 7 er framleis i introduksjonsprogrammet. 3 av desse er i foreldrepermisjon og har aktivitetar i lag  med flyktningkoordinator.  

5.3 Ergo- og fysioterapitenesta

Eininga har tre årsverk.  Det har i tillegg vore to stillingar i prosjekt kvardagsrehabilitering, i tillegg til ein hjelpepleiar i 50% stilling ved kvardagsrehabiliteringsteamet i samarbeid med NAV sitt arbeidstreningsprogram.

Brukargruppe
Barn og unge frå 0 til 16 år, foreldre og /pårørande i tillegg til vaksne/eldre som treng oppfølging og rehabilitering i heimen eller institusjon. Tenesta driv med utlån og tilrettelegging av hjelpemidlar til kort- og langtidsbruk og bustadtilrettelegging.

Fysioterapi for barn og unge 0-16 år
Alle barn ved helsestasjonen får teneste av fysioterapeut: Informasjonsgruppe ved firemåneders kontroll,  individuell oppfølging for vidare time og rettleiing etter behov  

  • Fem årskontroll for å utelukke motorisk forseinking ved skulestart
  • Barn med diagnose og behov får trening i barnehage og på skule. Deira assistentar får rettleiing i oppfølging og trening av fysioterapeut ved behov 
  • Hjelpemidlar, bistår i vurdering, utprøving og søking

Fysioterapi for vaksne og eldre

  • Oppfølging og rehabilitering av innlagte ved PO-senteret og av vaksne og eldre elles som er for svake/sjuke til å komme seg til institutt.
  • Ansvar for individuelle planar
  • Fallforebyggande grupper ved Birgittun, sjukeheimen og ved Bekkjarvik brygge
  • Rehabiliteringsgruppe i basseng
  • Hjelpemidlar, bistår i vurdering, utprøving  og søking

Ergoterapeut for barn, vaksne og eldre

  • Vurderer  behov for utlån av korttidshjelpemidler i samarbeid med ASV
  • Langtidsutlån av hjelpemidler frå NAV
  • Hjelp til tilrettelegging av bustad
  • Tverrfagleg rehabilitering ved behov for trening av daglige gjeremål
  • Finmotorisktrening til barn, vaksne og eldre
  • Ansvar for individuelle planar

5.4 Psykisk helse, rus- og kreftomsorg

Eininga har 4,1 årsverk. Brukargruppa består av vaksne over 18 år med ein vanskeleg eller utfordrande livssituasjon.  Tenesta utfører førebygging, identifisering, kartlegging, diagnostikk og funksjonsvurdering, tidleg hjelp og behandling, rehabilitering, oppfølging, psykososial støtte og rettleing, tverrfagleg samarbeid og tilvisning til spesialisthelsetenesta.

Tenesta følger opp 108 pasienter. I tillegg har ca 25 pasienter oppfølging av kreftkoordinator.

Frå 2018 til 2019 har heile tenesta inklusiv psykolog hatt ei auke på 34%  – ein markant auke på unge vaksne 23 år og oppover.

Evaluering av måloppnåing i 2019

  • Avvik som KPMG – rapporten har tilrådd, er lukka av tenesta 
  • Endeleg godkjenning av «Handlingsplan psykisk helse og rus 2019-2024»
  • Har utvikla eit lågterskeltilbod og gjort tenesta meir tilgjengeleg 
  • Stort press på behovet for psykologtenester – ei auke på 34% 
  • Stor kostnad på kjøp av private psykologtenester

5.5 Helseservicekontoret

Eininga har 4 årsverk. Helseservicekontoret (HSK) er Austevoll kommune si koordinerande eining, samt forvaltningseining og fattar vedtak om helse- og omsorgstenester til menneske i alle aldrar. Brukargruppa er menneske som grunna alder, nedsett funksjonsevne, utviklingshemming eller anna, har behov for tilbod frå helse- og omsorgstenester. HSK fattar vedtak om heimesjukepleie, praktisk bistand og opplæring, pårørandestøtte, dagsenter/dagtilbod, tryggleiksalarm, brukarstyrt personleg assistanse, omsorgsbustad, individuell plan, helsehjelp i skule, opphald i institusjon og støttekontakt.

HSK har overordna ansvar for å koordinere pleie- og omsorgstenester i kommunen, vere «ei dør inn». HSK gjorde om lag 580 vedtak i 2019.

Bruk av ulike tenester
Type teneste Tal brukarar
Brukarstyrt personleg assistent (BPA) 10
Støttekontakt 59
Avlasting for barn og eldre 20
Individuell plan (IP) 56
Omsorgsstønad 39
Dagtilbod til utviklingshemma (ATA) 8

 

Bestillareining av tenester ytt av Stendi og Eidsbøen bufellesskap
Type teneste Tal brukarar
Praktisk bistand 101
Praktisk bistand og opplæring 32
Heimesjukepleie 175
Dagaktivitetstilbod 18
Tryggleiksalarm 105

5.6 Jordmortenesta

Eininga har 1,5 årsverk. Jordmortenesta er drifta døgnet rundt med unntak kvar 3. helg. Jordmortenesta følgjer opp gravide under svangerskapet, tilbyr heimebesøk med oppfølging av mor og barn kort tid etter heimkomst. Jordmor vurderer og følgjer fødande inn til sjukehus ved behov og tar mot babyar om fødselen går fort. Ei jordmor er ein del av kriseteamet i Austevoll, og har medansvar for helsestasjon for ungdom.

Nokre nøkkeltal:

  • 649 konsultasjoner og heimebesøk
  • 3 svangerskapskurs for førstegangsfødande

Det blei fødd 59 barn i Austevoll i 2019. Dette er eit lågare fødselstall enn for dei førre åra, og ein tendens som pregar heile landet.

5.7 Eidsbøen bufellesskap

Eininga har 26,5 årsverk fordelt på 28 personar. Brukargruppa er 18 personar med utviklingshemming og/eller andre med ulik grad av funksjonshemming og bistandsbehov. 5 personer er tilknytta bufellesskapet, 13 er tilknytta ambulerande heimeteneneste.

Tenester:

  • Praktisk bistand og opplæring. 
  • Heimesjukepleie.
  • Avlastning i butreningsbustad med rettleiing og oppfølgjing under opphaldet.

Inn under desse tenestene kjem direkte tenesteyting, koordinering av tenestetilbod, samarbeid med kvar einskild brukar, pårørande, verjer, skule, arbeidsplass, lege, spesialisthelseteneste, NAV og andre samarbeidspartnarar.

I 2019 har Eidsbøen bufelleskap delteke i prosjekt velferdsteknologi saman med andre einingar. Eidsbøen bufellesskap har representant i Vestlandsprosjektet sitt underprosjekt som omfattar velferdsteknologi knytt til personar med utviklingsheming.

DigiHelse er eit anna prosjekt påbegynt i 2019; det er ei digital løysing knytt til heimetenester. Hovudmål er å styrke samarbeid mellom tenestemottakar, pårørande og tilsette i heimetenesta i samband med dagleg utføring av tenester i heimen.

5.8 PO-senteret

Stendi Senior AS - Avdeling Austevoll (PO) har 140 tilsette fordelt på 83,8 årsverk. PO har seks avdelingar med 52 bebuarrom. Av desse er 3 langtidsavdelingar med 8 bebuarar på kvar og det er 1 korttidsavdeling. Austevoll kommune auka kjøp av faste plassar frå 46 til 49 plassar  frå 1. mars 2019. Det har gjennom heile året vore stor etterspurnad etter plassar og det har vore mange døgn med overbelegg i høve til kontrakt.

Tenestene:

Øyeblikkeleg hjelp-seng (ØH):
1 seng på senteret som har som føremål å redusere tal innleggingar i spesialisthelsetenesta.

Avlastning:
1. mars opna tilbod om avlastning. Dette er eit tilbod til personar og familiar med særs tungt omsorgsarbeid. Avlastninga skal hindre overbelastning hos omsorgsgivarar og opphald varierer etter behov. Det er ikkje rullerande avlastning, men pårørande søker til kommunen som fattar vedtak om avlastningsopphald.

Heimetenesta:
I 2019 var det ca. 140 brukarar. Nokre av brukarane kan ha hjelp 4 – 6 per døgn, andre har behov for hjelp 1 gong anna kvar veke. Stendi gir og praktisk bistand til heimebuande, ca 80 brukarar i 2019.

Dagsenter:
Rundt 10 personer blir henta heime, og køyrd til dagsenteret, lokalisert på PO-senteret. Dagsenteret er åpent mandag, onsdag og fredag frå kl. 10.00 til 14.00. På dagsenteret blir det servert frokost, deretter er det aktivitet eller sosiale samlingar saman med bebuerane på PO- senteret. Før felles middag er det lesestund, og etter middag kjører Seniorbussen alle heim.

Det blei opna ny landhandel i februar 2019 - i hjartet av Austevoll PO-senter . I Krambua kan ein gjera mindre innkjøp frå eit lite, men differensiert utval. I tillegg er det eit sosialt samlingspunkt for bebuarane.